Opplev ein herskapeleg brunsj på glassverandaen. Med kvite dukar, stearinlys og handbroderte serviettar. Som vi seier på Singerheimen: “Sjølv om fatet er høgt, er alt laga heilt frå botnen av.”
Flytt inn på Singerheimen, og bo på eit av dei autentiske soveromma i huset. Vakn opp til dufta av nysteikt brød, og nyt ein smakfull frukost på glassverandaen.
Finn roa i det historiske gjestehuset på Singerheimen. Her er det 4 soverom og 8 sengeplassar. Her har blant anna Monet og Sparre Olsen tilbrakt ferien sin før deg. Omringa av eigen hage, og storslått natur.
frå kr 4 800.-
Aften i Atelieret
Finn inspirasjonen i W.H Singer Jr. sitt eige atelier. Omringa hans originale kunstverk, penslar og staffeli. Du kan leige heile studioet i opptil 4 timar. Skap ditt neste kunstverk i ein historisk atmosfære.
frå kr 2 300,-
Paint and Sip
Bli med inn i W.H Singer Jr. si verd. Mal flotte motiv med hjelp frå instruktør. Gode samtalar og noko godt i glaset. Paint and Sip blir arrangert på utvalde dager i løpet av sommaren.
frå kr 395,-
Eksklusivt opphald
Book heile eigedomen for deg og dine. Omkransa av kunst, historie og vakker natur. Heimelaga frukost, omvising og middag etter ønske. 18 sengeplassar fordelt på 8 dobbeltrom og 2 enkeltrom.
frå kr 16 800,-
Singerheimen er av stor kulturhistorisk verdi, og vart difor freda av Riksantikvaren i 2021. Det er i dag ei stifting som eig Singerheimen, og på somrane vert eigedomen drifta som museum og gjestehus.
Singerheimen blei bygd i 1921, av det amerikanske ekteparet William. H Singer Jr. og Anna Brugh Singer. William vart fødd inn i ein svært rik familie i Pittsburgh, USA. Men han valde kunsten framfor forretninga. Han var ein dyktig landskapsmålar, og leitte i fleire år etter den vakraste staden å slå seg ned. I 1913 fann han Olden, og såg seg aldri tilbake.
liv Aarberg
2024-08-22
Fantastisk å kunne overnatte i eit museum. Unik opplevelse. Utsikt frå rommet.
Wenche Fjørtoft
2024-08-21
Nydeleg plass, godt vertsskap og god mat. Vi anbefaler Singerheimen på det varmaste.
w-aus
2024-08-21
Fantastisk fint sted i sentrum av Olden. Et hus hvor historien har stått stille lenge.
Dagens forvaltere, en flott familie, gjør sitt ypperste for at du skal føle deg hjemme. Hjemmebakt til frokost er helt nydelig. Deilig afternoon tea serveres også.
Anbefales på det varmeste.
jannike sunde
2024-08-13
Var på Singer heimen 25.juli og bestilte 4 av 5 pizza på menyen. Både pizzaen, vertsskapet og atmosfæren var ubeskrivelig. Anbefales på det varmeste!
Chris
2024-07-26
Var her to ganger i løpet av en uke for å spise vaffel og drikke kaffe. Service i verdensklasse. Svært fin pris. Folkene her får en svært god anbefaling. Kommer tilbake neste år. Hilsen han som ga dere skryt for hvor godt oppdratt hunden deres var.