Om oss

Eit sjølvstendig og familiedrive gjestehus

Singerheimen blei i 2021 freda av Riksantikvaren og blir drive etter konseptet vern gjennom bruk. Dette er ein måte å ta vare på kulturminne over tid, slik at også framtidige generasjonar skal få oppleve dette kulturminnet.


Eigedomen og alt av inventar tilhøyrer “Stiftelsen William H Singer Jr´s og Anna Brugh Singers Minde”, som er ei stifting administrert av Vestland Fylkeskommune.

Sidan sommaren 2023 har familien Øye Rustøy stått for drifta av Singerheimen på somrane. Vertskapet held opent frå juni til august, og tilbyr blant anna overnatting, Afternoon Tea og omvisingar. Det arrangeres også ulike arrangement, t.d intimkonsertar og quiz.

Vi håpar du vil kome og besøke oss.

For spørsmål knytt til drifta, arrangementer, jobb eller andre forespurnadar, kan du kontakte Harald Rustøy:

Historia til Singerheimen

Les meir om den utrulege historia til Singerheimen.

Scroll to Top