Afternoon Tea

Opplev ein herskapeleg brunsj på William H. Singers eigen glassveranda. Med kvite dukar, stearinlys, handbroderte serviettar og høge etasjefat. Du får servert nysteikte rundstykker med laks og Stryneskinke, varme scones, og noko søtt på toppen. Som vi seier på Singerheimen; «Sjølv om fatet er høgt, er alt laga heilt frå botnen av». Det følger sjølvsagt med så mykje té eller kaffe som du ynskjer. Dei som vil, kan bli med på ei omvisning etter maten, for å høyre den fengslande historia til Singerheimen.

Afternoon Tea er tilgjengeleg mellom 12:00 – 16:00, torsdag til søndag. Frå 22. juni – 11. august. Bord må reserverast på førehand. Ta kontakt på tlf: 920 84 187.

For større lag eller selskap er det mogleg å bestille utanom fastsette tider. Ta kontakt på post@singerheimen.no.

Pris: 345kr p.p

Omvising: 100 kr p.p

Call Now Button