Historia
Kunsten å trekke seg tilbake
William Henry Singer jr. (Billy) vart fødd i Pittsburg i USA i 1868. Han vart, av faren, plukka ut til å ta over familieforretninga; Singer Nimick & Co. Til farens store fortviling valde derimot Singer kunst framfor business. Han gifte seg i 1895 med Anna Brugh Spencer frå Maryland. Saman med deira norske ven Martin Borgord, reiste dei rundt i Europa i fleire år for å finne den perfekte stad. Ein stad der dei kunne trekke seg tilbake, finne roa og male. Når dei i 1913 for fyrste gong kom til Olden, sa Anna: “Billy, I have found my country!”. Her skulle trekløveren Billy, Anna og Martin endeleg få sjelefred. Men deira opphald i Olden skulle også vise seg å by på fleire utfordringar.

Stillheita og stemninga sin målar
Billy var i kunstmiljøene i USA og i Nederland kjend som “Stillheita og stemninga sin målar”. Med sine landskapsmåleri frå Olden gjorde han også vestlandsnaturen kjend for dei kunstinterreserte i USA og i Europa. I dag finst det to Singermuseum; Washington County Museum of Fine Arts, som ligg Maryland, heimbyen til Anna. Og SingerLaren, som blei bygd på eigendommen til Billy og Anna i Laren i Nederland.

Millionærar blant bønder
Det var ikkje kvar dag at styrtrike amerikanarar flytta til den då fattige bygda Olden. Ikkje berre bygde dei ein stor eigedom beståande av ti bygningar og over tretti ansatte. Dei finansierte også utbygginga av vegen Olden-Innvik, sjukehuset på Nordfjordeid, Olden nye kyrkje, grendahuset Aldaheim og eit kraftverk i bygda. Samstundes som dei delte ut uttalige store og små gåver til bøndene i bygda. Billy mottok i 1936 kongens fortjenestemedalje for sitt samfunnsengasjement. Det samme gjorde Anna i 1950.
