NOENBestill rom

Gi bort ei oppleving

Eit gåvekort til Singerheimen – Afternoon Tea, ei natt i historiske rom eller omvising i kunstnarheimen.

Afternoon Tea med tekanne og kaker ved vindauget

Gåvekort

Kva vil du gi bort?

Kakefat og tekopper til Afternoon Tea

Afternoon Tea

Anna Singers Afternoon Tea, servert på kvite dukar og servise frå 1920-talet. Kan kombinerast med omvising før maten.

Historisk soverom med himmelseng

Historisk overnatting

Ei natt eller fleire i eitt av dei historiske romma, med heimelaga frukost og historisk omvising.

Måleri i gullramme i atelieret

Omvising – eller valfritt beløp

Ei guida omvising i kunstnarheimen til Anna og William Singer – eller eit gåvekort på eit beløp du vel sjølv.

Slik går det føre seg

  1. Bestill – fyll ut skjemaet under med kva du vil gi bort og kven gåvekortet er til.
  2. Betal fakturaen – du får faktura på e-post: frå PowerOffice om du bur i Noreg, eller som betalingslenke frå PayPal om du bur i utlandet.
  3. Gi bort – når fakturaen er betalt, sender vi gåvekortet som PDF, klart til å skrive ut eller sende vidare.

Gåvekortet har eige nummer, og gyldigheita står på kortet. Mottakaren bestiller dato ved å ta kontakt med oss og oppgi gåvekortnummeret.

Bestilling

Bestill gåvekort



    Du får faktura på e-post – frå PowerOffice om du bur i Noreg, eller som betalingslenke frå PayPal om du bur i utlandet. Når fakturaen er betalt, sender vi gåvekortet som PDF, klart til å skrive ut eller sende vidare. Sjå vilkår for gåvekort og personvernerklæringa.

    Vår og haust

    Leig Singerheimen vår og haust

    Utanom sommarsesongen kan du leige hovudhuset og/eller Bungalowen – til familiesamlingar, selskap, firmasamlingar eller ei helg med gode vener.

    Ta kontakt for bestilling: send ein e-post til post@singerheimen.no eller ring +47 920 84 187.

    Historisk overnatting 2027Bestill rom
    Rull til toppen