Matopplevingar
Kortreist. Heimelaga. Skikkeleg.
Opplev det herskapelege måltid

Heimelaga frukost
På Singerheimen tek vi frukosten på alvor.
Han skal vere fersk, heimelaga, kortreist – og skikkeleg god. Hjørnesteinen i frukosten vår er det nybakte brødet, som vi lagar med omtanke og stoltheit.
Frukost er inkludert for alle overnattingsgjester og blir servert frå 08:30-10:00.

Opplev vår populære Afternoon Tea. Servert på herskapeleg vis, på kvite dukar, med stearinlys og på servise frå 1920-talet.
Mellom 24. juni og 8. august serverer vi Afternoon Tea kvar onsdag, torsdag, laurdag og søndag, med unntak av 22., 24. og 25. juli. Bordsetjing kl. 12.30 og 15.00.

Middag
Mellom 24. juni og 8. august tilbyr vi trerettars middag kvar tysdag og fredag kl. 19.00. Onsdag, torsdag, laurdag og søndag serverer vi husets suppe med heimelaga surdeigsbrød kl. 19.00. Alle måltid må reserverast på førehand.
Måndag: stengt
Vår og haust tek vi imot gruppebestillingar på opptil 30 personar, med trerettars middag og historisk omvising.
Vi nyttar kortreiste råvarar
Vi er stolte av å samarbeide med Torheim Gard i Stryn – ein gard der maten blir produsert i takt med naturen. Med lokale råvarer styrkjer vi både smaken, berekrafta og det levande lokalsamfunnet.

