Personvern hjå oss
Slik tek vi vare på opplysningane du gir oss når du bestiller, reserverer eller tek kontakt.
Sist oppdatert 24. november 2026
Kven er ansvarleg?
Øyeblikkene AS (org.nr. 932 863 243), som driv Singerheimen, er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir behandla via singerheimen.no og i kontakten med oss.
Adresse: Singervegen 30, 6788 Olden · E-post: post@singerheimen.no · Telefon: +47 920 84 187
Kva opplysningar vi samlar inn, og kvifor
- Førespurnad om pristilbod (overnatting, retreat og dagsarrangement): namn, e-post, telefon, eventuelt firma, datoar, tal på gjester og ønske. Vi brukar dette til å lage og sende pristilbod, og – om du takkar ja – til booking, faktura og gjennomføring. Grunnlag: avtale (GDPR art. 6 nr. 1 b).
- Bordreservasjon til Afternoon Tea: namn, e-post, telefon, dato, bordsetjing, tal på gjester, omvising, melding og eventuelle allergiar eller tilpassingar. Vi brukar dette til å handtere reservasjonen, sende stadfesting og tilpasse maten. Grunnlag: avtale. Opplysningar om allergiar gir du frivillig, og vi brukar dei berre til å lage trygg mat til deg (GDPR art. 9 nr. 2 a).
- Bestilling av gåvekort: namnet ditt, e-post, telefon, kvar du bur, kven gåvekortet er til og kva det gjeld. Vi brukar dette til å sende faktura og gåvekort, og til å registrere at gåvekortet er selt og brukt. Grunnlag: avtale.
- Booking av rom skjer i bookingsystemet SynXis. Opplysningane du gir der, blir behandla etter vilkåra som blir viste ved bestilling.
- E-post og telefon: når du kontaktar oss direkte, brukar vi opplysningane til å svare deg.
- Rekneskap: fakturaer og betalingar blir lagra i rekneskapssystemet vårt fordi bokføringsregelverket krev det (GDPR art. 6 nr. 1 c).
Kven vi deler opplysningar med
Vi sel aldri personopplysningar. Vi brukar desse leverandørane (databehandlarar), som berre behandlar opplysningane på våre vegner:
- Uniweb – nettstad og e-post (Noreg)
- Google – kalender, rekneark og e-post for reservasjonar, og Google Analytics for besøksstatistikk
- PowerOffice – faktura og rekneskap (Noreg)
- PayPal – betalingslenke for gjester som bur utanfor Noreg
- SynXis (Sabre) – bookingsystem for rom
Nokre av leverandørane kan behandle opplysningar utanfor EØS, særleg i USA. Overføringa skjer då på grunnlag av EU–US Data Privacy Framework eller EU-kommisjonen sine standardavtalar.
Kor lenge vi tek vare på opplysningane
- Førespurnader som ikkje blir til booking, slettar vi seinast 12 månader etter at vi fekk dei.
- Bordreservasjonar til Afternoon Tea slettar vi seinast 12 månader etter besøket.
- Opplysningar som høyrer til fakturaer og betalingar, tek vi vare på så lenge bokføringsregelverket krev, normalt fem år.
Informasjonskapslar (cookies) og statistikk
Vi brukar Google Analytics til å forstå korleis nettstaden blir brukt, men berre dersom du samtykker. Nødvendige informasjonskapslar, til dømes for språkval og skjema, blir brukte for at sida skal fungere. Du kan når som helst endre samtykket ditt via lenkja «Informasjonskapslar» nedst på sida.
Rettane dine
Du har rett til innsyn i opplysningane vi har om deg, og til å be om retting, sletting, avgrensa behandling eller å få opplysningane utleverte (dataportabilitet). Du kan også protestere mot behandlinga og trekkje tilbake samtykke. Send ein e-post til post@singerheimen.no, så svarar vi innan 30 dagar.
Meiner du at vi behandlar opplysningar i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.