Historisk overnatting
Trå inn i ein unik kunstnarheim frå 1920-talet. Sov i dei originale soveromma og bli med på ei historisk omvising i huset. Høyr den fengslande historia om William H. Singer Jr., Anna Singer og livet på Singerheimen.

Gjer det på din måte.
Eit rom, eit gjestehus eller heile eigedomen.

Eit rom
Flytt inn på Singerheimen og bo ei natt på eit av dei historiske romma. Vakn opp til dufta av heimebakt brød, og nyt ein deileg frukost på glasverandaen.

Eit gjestehus
Leig gjestehuset vårt. Med ein historisk stove, to bad og stor hage. Plass til 8 gjester.

Heile eigedomen
Leig heile Singerheimen til den neste samlinga di. Ein eksklusiv møtestad, omkransa av kunst, historie og vakker natur.
Kva gjestene seier
Medlem av De Historiske
Gi bort eit gåvekort
Eit gåvekort som opnar døra til unike hotellopplevingar over heile landet.
Vår og haust
Leig Singerheimen vår og haust
Utanom sommarsesongen kan du leige hovudhuset og/eller Bungalowen – til familiesamlingar, selskap, firmasamlingar eller ei helg med gode vener.
Ta kontakt for bestilling: send ein e-post til post@singerheimen.no eller ring +47 920 84 187.
