Unike opplevingar
Opplev 20-talet hos oss.

Sommar på Singerheimen
Gjennom sommaren har vi fleire tilbod, anten du bur hos oss eller berre er innom for ein dag. Bli med på omvising i huset, nyt Afternoon Tea på glasverandaen eller finn roa i atelieret. Og rett utanfor døra ventar naturopplevingane i Olden.

Omvising
Opplev den fengslande historia til Singerheimen: ei forteljing om kjærleik, kunst, enorm rikdom, filantropi, krig og tragedie.

Aften i Atelieret
Finn inspirasjonen i W.H. Singer jr. sitt eige atelier. Omgitt av kunstverka, penslane og staffeliet hans. Skap ditt neste kunstverk i ei historisk atmosfære.

Afternoon Tea
Herlege heimelaga godsaker på høge etasjefat. Servert på kvite dukar, med stearinlys og servise frå 1920-talet.
Opplevingar i nabolaget
Opplev vakre Olden med fantastiske brear, imponerande fjordar og spennande aktivitetar – alt berre ein kort avstand frå Singerheimen.

Stabukk Sauna
Unn deg ei varm og avslappande oppleving i Stabukk Sauna, berre eit steinkast nedanfor Singerheimen! Nyt utsikta over fjorden medan du senkar skuldrene i ei varm badstove.

RIB
Opplev fjorden som aldri før med ein fartsfylt RIB-tur i vakre Olden! Ein flott kombinasjon av natur, spenning og spektakulær utsikt, berre ein kort spasertur frå Singerheimen.

Lån ein sykkel
Utforsk vakre Olden på to hjul! På Singerheimen kan du låne sykkel gratis og oppleve området på din eigen måte – perfekt for både rolege turar og små eventyr.

Briksdalsbreen
Briksdalsbreen byr på ei spektakulær naturoppleving – eit ikonisk møte med isen, omgitt av stupbratte fjell og brusande fossefall. Berre 25 minutt med bil frå Singerheimen.

Fjellturar
Rundt Singerheimen finn du flotte fjellturar for alle nivå – frå enkle turar med utsikt til luftige toppturar i Noregs mest eventyrlege vandredal. Spør gjerne vertskapet for gode tips og råd!

Loen Skylift
Loen Skylift tek deg frå fjord til fjell på 5 minutt – med spektakulær utsikt frå 1011 moh. Berre 10 minutt frå Singerheimen!

Lodalen
Lodalen er ein av Noregs mest eventyrlege dalar – med smaragdgrønt vatn, bratte fjell og magiske naturopplevingar like ved Singerheimen.

Kajakk på Oldevatnet
Opplev det smaragdgrøne vatnet og dei mektige fjella på nært hald – bli med på ein uforgløymeleg guida kajakktur på vakre Oldevatnet!

Olden Gard
Oppdag sjarmerande Olden Gard, der tradisjon og natur møtest i idylliske omgjevnader – ein perfekt stad for å oppleve ekte norsk gardsliv, for heile familien.
