Vilkår for bestilling
Vilkåra gjeld for bestillingar hos Singerheimen, som blir driven av Øyeblikkene AS (org.nr. 932 863 243).
Sist oppdatert 24. november 2026
Overnatting i einskilde rom
Rom blir bestilte i bookingsystemet vårt via «Bestill rom». Pris, betaling og avbestilling går fram av vilkåra som blir viste når du bestiller. For rom i hovudhuset er heimelaga frukost og historisk omvising inkludert.
Leige av heile eigedomen, retreat og dagsarrangement
- Pristilbodet er gyldig i 14 dagar frå det er sendt.
- Når du takkar ja, sender vi faktura på eit depositum på 15 % av prisen for overnatting eller leige. Mat og drikke er ikkje med i depositumet.
- Bookinga er stadfesta når depositumet er betalt. Då får du ei bookingstadfesting.
- Restbeløpet for overnatting eller leige skal betalast seinast 14 dagar før ankomst eller arrangement, med same betalingsmåte.
- Mat, drikke og tillegg blir betalt ved utsjekk eller etter arrangementet.
- Depositum og restbeløp blir ikkje refunderte ved avbestilling.
- Norske gjester får faktura frå PowerOffice. Gjester som bur utanfor Noreg, får betalingslenke frå PayPal.
Dagsarrangement
- Leigeprisen gjeld bruk av lokala i 6 timar. De kan kome inntil ein time før for å pynte, utan tillegg.
- Leigetida kan forlengast mot eit tillegg per påbegynte time. Avtal det helst på førehand.
- Arrangementet må vere avslutta seinast kl. 23.00.
- Oppdekking og oppvask er alltid med.
Alkohol
Singerheimen har skjenkeløyve. Det er difor ikkje tillate å ta med eigen alkohol.
Afternoon Tea
- Bordet er reservert når du har fått stadfesting på e-post frå oss. Ein førespurnad via nettsida er ikkje ei stadfesting.
- Bordet er reservert i to timar. Omvising før maten startar éin time før bordsetjinga.
- Afternoon Tea og omvising blir betalte på staden.
- Må du avbestille eller endre talet på gjester, gi oss beskjed så tidleg som mogleg på e-post eller telefon.
Gåvekort
- Gåvekort blir bestilte via skjemaet på nettsida. Du får faktura, og vi sender gåvekortet som PDF når fakturaen er betalt.
- Gåvekortet har eige nummer og er gyldig så lenge det står på kortet.
- Mottakaren bestiller dato ved å ta kontakt med oss og oppgi gåvekortnummeret. Gåvekortet gjeld for opplevinga som står på kortet, og må brukast innan gyldigheitstida.
- Gåvekortet kan ikkje byttast i pengar.
- Gåvekort kjøpte via nettsida har 14 dagars angrerett etter angrerettlova, så lenge gåvekortet ikkje er brukt.
Angrerett
Bestillingar av overnatting, leige og servering på ein bestemd dato har ikkje angrerett, jf. angrerettlova § 22.
Force majeure og endringar
Dersom vi ikkje kan gjennomføre ei bestilling på grunn av forhold utanfor vår kontroll, som ekstremvêr, brann eller offentlege pålegg, betaler vi tilbake det du har betalt for den delen som ikkje kan gjennomførast. Vi er ikkje ansvarlege for andre kostnader, som reise.
Spørsmål og klage
Ta kontakt på post@singerheimen.no eller +47 920 84 187. Kjem vi ikkje til semje, kan du vende deg til Forbrukartilsynet eller Forbrukarrådet. Norsk rett gjeld.
Les òg korleis vi tek vare på personopplysningane dine i personvernerklæringa.