Minneverdige samlingar
For ein dag – eller ei natt.


Dagstur
Ta turen til Singerheimen for ein dag fylt med smak og historie. Nyt ein delikat Afternoon Tea, rusl gjennom dei vakre romma på omvising, og kjenn korleis tida senkar farten i dei autentiske omgjevnadene.

Ei natt på museet
Leig heile Singerheimen og opplev eit eksklusivt opphald for familie, vener eller bedrifta. Overnatt i dei historiske romma, vakn til ein nydeleg heimelaga frukost, og la Afternoon Tea eller ein utsøkt trerettars middag gjere opphaldet uforgløymeleg.
Selskap
Selskap på Singerheimen

Singerheimen er ei unik ramme for selskap, jubileum og andre spesielle høve. Her får du historiske omgjevnader, vakre rom og ei lun og heimekoseleg stemning – kombinert med god mat og personleg vertskap.
Singerheimen har blitt kåra til eitt av dei beste selskapslokala i Vestland, og vi ønskjer å gi gjestene våre ei oppleving som er like minneverdig som sjølve høvet.
Kva gjestene seier
Vår og haust
Leig Singerheimen vår og haust
Utanom sommarsesongen kan du leige hovudhuset og/eller Bungalowen – til familiesamlingar, selskap, firmasamlingar eller ei helg med gode vener.
Ta kontakt for bestilling: send ein e-post til post@singerheimen.no eller ring +47 920 84 187.
