Historisk overnatting
Sov ei natt i dei originale soveromma på Singerheimen, der kvart rom har si eiga historie. Nyt ein nydeleg, heimelaga frukost på glasverandaen, og bli med på ei historisk omvisning i huset. Her får du høyre den fengslande historia om Singerheimen og menneska som budde her.
Historisk omvisning er inkludert for alle overnattingsgjester.
Ei ekslusiv oppleving
Historisk overnatting er tilgjengeleg med reservasjon av enkeltrom frå 24. juni til 8. august 2027. Singerheimen held stengt på måndagar gjennom sommaren, og det er difor ikkje mogleg å overnatte frå måndag til tysdag. Unntaket er ved privat leige av heile eigedomen.
Utanom perioden for historisk overnatting kan Singerheimen reserverast i sin heilskap for overnatting, selskap, retreatar, firmasamlingar og andre arrangement.
Tysdag og fredag kl. 19.00 tilbyr vi ein nydeleg trerettars middag. Onsdag, torsdag, laurdag og søndag inviterer vi til Afternoon Tea kl. 12.30 og 15.00, og kl. 19.00 serverer vi husets suppe med nystekt surdeigsbrød. Alle måltid må reserverast på førehand.
Alle overnattingsgjester kan bli med på historisk omvising utan ekstra kostnad – måndag og fredag kl. 10.00, og onsdag, torsdag, laurdag og søndag kl. 11.30 og 14.00.







