Omvisingar
Opplev den fengslande historia til Singerheimen.

Faste omvisingar
Mellom 24. juni og 8. august 2027 kan du bli med på våre faste historiske omvisingar. Måndag og fredag er det omvising kl. 10.00. Onsdag, torsdag, laurdag og søndag går omvisingane kl. 11.30 og 14.00, med unntak av 22., 24. og 25. juli, då det er omvising kl. 10.00.
Omvisinga varer i om lag 50 minutt og krev minimum 4 deltakarar.
Pris: 220 kr per person, eller 180 kr per person dersom du kombinerer med Afternoon Tea. Omvising er inkludert for alle overnattingsgjester.
Reserver plass ved å ringe oss på 920 84 187 eller send ein mail til post@singerheimen.no.

Private omvisingar
For grupper på over 12 personar tilbyr vi private, guida omvisingar på Singerheimen. Pris: 220 kr per person. Ein kan òg bestille servering av suppe og kaffi etter omvisinga.
Reserver ved å ringe oss på 920 84 187, eller mail til post@singerheimen.no
Ofte stilte spørsmål
Kva går omvisinga ut på, og kvar går vi?
Omvisinga startar i finstova, der vi byr på ei spennande historieforteljing om William, Anna og Olden. Deretter går vi rundt i huset, inkludert tjeneravdelinga og dei ulike soveromma, medan guiden fortel om korleis kvardagen og livet var på Singerheimen for 100 år sidan.
Kan ein gå rundt i huset på eiga hand?
Nei. Huset er freda, og med unntak av stove, spisestove og toalett krev det guide for å gå rundt.
Kor mykje kostar omvisinga?
Pris per person er 220 kr, eller 180 kr dersom du kombinerer med Afternoon Tea. Born under 12 år deltar gratis i følgje med ein vaksen.
Kan vi booke privat omvising?
Ja! Private omvisingar kan bestillast utanom faste tider. Minimum 12 deltakarar.
Korleis er tilpassinga for funksjonsnedsette?
Alle inngangar krev at ein går opp ei trapp, og vi har dessverre ikkje tilpassingar. Bygget er over 100 år gammalt og freda.