Anna Singers
Afternoon Tea
Herlege, heimelaga godsaker på høge etasjefat – servert på kvite dukar, med stearinlys og vakkert servise frå 1920-talet.
Afternoon Tea sommaren 2027
Vi serverer Afternoon Tea onsdag, torsdag, laurdag og søndag kl. 12.30 og 15.00, i perioden 24. juni–8. august, med unntak av 22., 24. og 25. juli. Bord må reserverast på førehand. For den komplette Singerheimen-opplevinga anbefaler vi å kombinere Afternoon Tea med ei historisk omvising. Då får du oppleve huset frå innsida og høyre den utrolige historia om Singer-familien og livet på Singerheimen.

Omvising før maten
For den komplette opplevinga anbefaler vi å bli med på omvising før maten.
Omvisinga startar éin time før bordsetjing –altså kl. 11.30 eller 14.00.
Pris: 180 kr, med Afternoon Tea
Ordinærpris: 220 kr

Bordreservasjon
Bordsetjing er kl. 12.30 og 15.00.
Bordet er reservert i 2 timar.
445 kr per person.
Afternoon Tea inkluderer tre heimebakte rettar og uavgrensa kaffi eller te.
Ofte stilte spørsmål
Korleis kan ein booke bord?
Du kan enkelt bestille bord ved å ringe oss på +47 920 84 187 eller sende e-post til post@singerheimen.no. Vi anbefaler alltid reservasjon, slik at vi kan sikre deg ein avslappande og hyggelig oppleving. Legg ved antall personar, bordsetting og telefonnummer ved booking.
Kva inneheld Afternoon Tea
Afternoon Tea inkluderer to påsmurte rundstykke, ein nybakt scone med heimelaga syltetøy og rømme, og to søte konfektkaker – alt baka frå botnen av søstrene Johanne og Kristin. Til dette får du uavgrensa kaffi og kvalitetsté, servert i ei roleg og stemningsfull ramme.
Kor lenge varer Afternoon Tea?
Bordet er reservert i to timar, slik at du kan nyte maten og stemninga i ro og mak. Dersom du ønskjer å bli med på omvising, startar den éin time før bordsetjing og varer i om lag 50 minutt. Då vil heile opplevinga vare i rundt tre timar.
Kan maten tilpassast?
Vi tilbyr glutenfrie alternativ – hugs å gi oss beskjed når du reserverer bordet, så vi kan tilpasse etter behov. Vi legg gjerne til rette for vegetarianarar. Laktosefrie alternativ har vi dessverre ikkje.
Kan born delta?
Ja! Born kan bestille halv meny til halv pris.
Kan ein gå rundt i huset på eiga hand?
Med unntak av stove, spisestove og toalett krev det guide for å gå rundt. Vi anbefaler derfor å bestille omvising før maten for å få den fulle opplevinga av huset og historia.
Korleis er tilpassinga for funksjonsnedsette?
Alle inngangar krev at ein går opp ei trapp, og vi har dessverre ikkje tilpassingar. Bygget er over 100 år gammalt og freda.