NOENBestill rom

Retreat på Singerheimen

Ro, fjell og eit heilt hus til å samlast i.

Singerheimen med fjella i Oldedalen bak
Gammalt måleri i eit rom på Singerheimen

Huset er dykkar

Leig Singerheimen til kurs, yoga, skriveveke, kunstverkstad eller firmasamling. De disponerer hovudhuset og hagen – og Bungalowen om de ønskjer – og legg opp dagane slik det passar gruppa.

Ingen måltid er inkludert. De kan bruke kjøkkenet sjølve, men avtal på førehand kven som er kokk og kjøkkenansvarleg, og hald god dialog med vertskapet. Vi tilrår å leige inn ekstrahjelp frå oss, så går alt lettare for seg.

Godt å vite

  • Minimum 4 netter
  • Retreat kan ikkje bookast i juli
  • Hovudhuset har 10 rom og 19 sengeplassar. Med Bungalowen får de 4 rom i tillegg.
  • Bungalowen er open frå 1. april til 1. oktober

Prisen avheng av kor mange netter de blir, og om de vil ha med Bungalowen. Måltid frå kjøkkenet vårt og ekstrahjelp kan bestillast i tillegg. Send ein førespurnad, så får de eit uforpliktande pristilbod.

Rom for fordjuping

Ein historisk kunstnarheim mellom fjella i Oldedalen.

Stove med store vindauge og utsikt

Stover å samlast i

Glasverandaen, biblioteket og finstova gir plass både til felles økter og stille stunder for seg sjølv.

Hagen og huset på Singerheimen

Hage og natur

Ein stor hage og fjella rett utanfor døra – til pausar, turar og frisk luft mellom øktene.

Gjester på sykkel framfor Singerheimen

Lån av syklar

Gjestene kan låne syklar gratis og utforske Oldedalen på eiga hand.

Vår og haust

Leig Singerheimen vår og haust

Utanom sommarsesongen kan du leige hovudhuset og/eller Bungalowen – til familiesamlingar, selskap, firmasamlingar eller ei helg med gode vener.

Ta kontakt for bestilling: send ein e-post til post@singerheimen.no eller ring +47 920 84 187.

Historisk overnatting 2027Bestill rom
Rull til toppen