Om oss

Vår visjon:

Å skape liv og lys i vindauga, og formidle historie og kulturarv på ein engasjerande måte som fenger både lokalbefolkning og langveisfarande, unge som eldre.

Eit sjølvstendig og familiedrive gjestehus

Singerheimen blei freda av Riksantikvaren i 2021 og blir drive etter konseptet “vern gjennom bruk.” Dette betyr at vi tek vare på kulturminnet på ein måte som gjer det tilgjengeleg for både noverande og kommande generasjonar.

Eigedomen og alt inventar tilhøyrer “Stiftelsen William H. Singer Jr. og Anna Brugh Singers Minde,” ein stifting som blir forvalt av Vestland fylkeskommune.

Sidan sommaren 2023 har familien Øye Rustøy stått for den daglege drifta av Singerheimen i sommarmånadene. Frå juni til august kan du besøke oss og nyte eit unikt opphald med alt frå overnatting og Afternoon Tea til spennande omvisningar.

Historia til Singerheimen

Les meir om den utrulege historia til Singerheimen.

Medlem av De Historiske

Singerheimen er no stolt medlem av De Historiske – ei av dei høgaste anerkjenningane for historisk kvalitet og vertskap i Noreg. Medlemskapet betyr at vi er del av eit eksklusivt nettverk av unike, historiske hotell og spisestader med høg standard, særpreg og sterke kulturtradisjonar.

Scroll to Top