Om oss
Eit sjølvstendig og familiedrive museum og gjestehus
Singerheimen blei i 2021 freda av Riksantikvaren og blir drive etter konseptet vern gjennom bruk. Dette er ein måte å ta vare på kulturminne over tid, slik at også framtidige generasjonar skal få oppleve dette kulturminnet.
Eigendomen og alt av inventar tilhøyrer “Stiftelsen William H Singer Jr´s og Anna Brugh Singers Minde”, som er ei stifting administrert av Vestland Fylkeskommune.
Sidan sommaren 2023 har familien Øye Rustøy stått for drifta av Singerheimen på somrane. Vertskapet held opent frå slutten av mai til starten av august, og tilbyr blant anna overnatting, Afternoon Tea og omvisingar. Det arrangeres også ulike arrangement, t.d Pub og Pizza, intimkonsertar og quiz.
Vi håpar du vil kome og besøke oss.
For spørsmål knytt til drifta, arrangementer, jobb eller andre hendvendelsar, kan du kontakte dagleg leiar.