NOENBestill rom

Selskap på dagtid

Konfirmasjon, dåp, bursdag og minnesamvere i historiske omgjevnader.

Gjester rundt eit dekt bord i stova
Gjester ved bord i hagen framfor Singerheimen

Ein dag å hugse

Lei dei historiske stovene på Singerheimen til konfirmasjon, dåp, bursdag, jubileum eller minnesamvere. Vi dekkjer bord, tek oss av maten om de ønskjer det, og sørgjer for at både de og gjestene kan senke skuldrene.

Plass til

  • Langbord til middag: opptil 35 gjester
  • Kafébord i fleire rom – på glasverandaen, i biblioteket og i finstova: opptil 50 gjester

Lokalet blir leigd ut med oppdekking og oppvask. Trerettars festmiddag, Anna Singer's Afternoon Tea og husets suppe kan bestillast i tillegg, og Singerheimen har skjenkeløyve. Send ein førespurnad, så får de eit uforpliktande pristilbod.

Leigetid: Lokalet er dykkar i 6 timar, til dømes kl. 12–18, og de kan kome inntil ein time før for å pynte. Ønskjer de å bli lenger, kan leigetida forlengast mot eit tillegg per påbegynte time. Avtal det gjerne på førehand. Selskapet må vere ferdig seinast kl. 23.

Slik kan dagen bli

Ein historisk kunstnarheim, heimelaga mat og eit personleg vertskap.

Stove med store vindauge og utsikt

Middag ved langbord

Vi dekkjer langbord til opptil 35 gjester, med gulltallerkar og det finaste porselenet i huset.

Hagen og huset på Singerheimen

Kafé i fleire rom

Vil de heller ha ei lausare stemning, fordeler vi gjestene på glasverandaen, biblioteket og finstova – med plass til opptil 50.

Afternoon Tea med kaker og småretter

Afternoon Tea

Anna Singer's Afternoon Tea passar godt til dåp, bursdag og andre ettermiddagsselskap. Minimum 15 personar.

Vår og haust

Leig Singerheimen vår og haust

Utanom sommarsesongen kan du leige hovudhuset og/eller Bungalowen – til familiesamlingar, selskap, firmasamlingar eller ei helg med gode vener.

Ta kontakt for bestilling: send ein e-post til post@singerheimen.no eller ring +47 920 84 187.

Historisk overnatting 2027Bestill rom
Rull til toppen