Litt av historia


William Henry Singer vart fødd i Pittsburg i USA i 1868. Han arva ei stor formue frå stålselskapet Singer Nimick & Co, men valde kunsten framfor forretninga. Singer var både ein målar og ein kunnskapsrik kunstsamlar. Han gav pengar til gode føremål i Olden og Nordfjord. Han gifte seg i 1895 med Anna Brugh Spencer frå Maryland. Dei møttes då han var 25 og ho var 15 år. Paret reiste til Paris i 1900 og til Holland i 1901. Dei kom først til Noreg i 1903 og til Olden i 1913. Begge likte seg godt her. Singer bygde eit atelier i Olden i 1914.

«Dalheim» vart bygd i 1921. Huset har eit golvareal på 900 kvadratmeter fordelt over tre etasjar. Dette var ei tid med stor arbeidsløyse, og byggearbeidet gav mange velkomne arbeidsplassar. Det var kona, Anna, som tok seg av eigedomen og den daglege drifta av «Dalheim».

Singer er særleg kjend for støtta si til vegen mellom Olden og Innvik. Singer sende to menn til fylkeskommunen i Høyanger med 450 000 kroner i pengesedlar. Seinare bidrog han med meir, slik at han til saman gav 710 000 kroner til fylkeskommunen for vegen. Arbeidet tok 13 år. Det gav arbeid til mange som elles ville ha vore arbeidslause.

Kong Haakon VII opna vegen. Han takka Singer i ei varm tale og understreka det dei hadde gjort for folk og samfunn. Singer fekk St. Olavs Orden, storkross.

Singer engasjerte seg også i helsesystemet i distriktet. Då ein av venene hans i Olden, hotelleigaren Sivert W. Yri fekk ein livstruande blindtarmsbetennelse, måtte han sendast i all hast til næraste sjukehus. Dette låg på den tida i Florø. Sivert døydde difor på vegen dit. Som eit resultat bestemte Singer seg for å finansiere store deler av sjukehuset på Nordfjordeid.

Sjukehuset hadde sin ilddåp nokre veker etter opninga i 1936, då det måtte ta imot dei skadde frå jordskredulukka i Lodalen.

Stiftinga Singerheimen

W. H. Singer døydde i 1943, og Anna i 1962. Dei ligg i dag balsamerte i mausoleet på Dalheim. Paret fekk aldri born. Singerheimen vart først testamentert som ei gåve til Nordfjord sjukehus. Seinare vart det oppretta ein stifting som blir administrert av fylkeskommunen. Huset vart testamentert med eigedom, inventar og eit antal kunstskattar.

Call Now Button