Matopplevingar
Kortreist. Heimelaga. Skikkeleg.
Opplev det herskapelege måltid.
Frukost, Afternoon Tea eller ein 3-retters middag.

Heimelaga frukost
På Singerheimen tek vi frukost på alvor. Ferskt, kortreist, heimelaga og skikkeleg. Kvar einaste dag serverer vi fersk og heimelaga gjærbakst, og ein skikkelig frukostbuffét.
Frukost er inkludert for alle overnattingsgjester.

Opplev vår populære Afternoon Tea. Servert på herskapeleg vis, med kvite dukar, handbroderte serviettar og på servise frå 20-talet.
Sjølv om fatet er høgt, er alt laga heilt frå botnen av.

Middag
Dersom ein booker heile huset, er det mogleg å nyte ein heimelaga 3-retters middag i spisestova.
Overnattingsgjester som har booket eit rom, kan nyte ei enklare servering på kveldstid.
Vi har dessverre ikkje open restaurant eller a-la-carte.