Historia

W.H Singer jr.

William Henry Singer jr. (Billy) vart fødd i Pittsburg i USA i 1868. Han arva ei stor formue frå stålselskapet Singer Nimick & Co, men valde kunsten framfor forretninga. Han gifte seg i 1895 med Anna Brugh Spencer frå Maryland. Paret reiste først til Paris i 1900, deretter til Laren i Nederland. Deira første tur til Olden var i 1913, saman med sin følgesven Martin Borgord. I Olden likte dei seg så godt at dei vart værande. Dalheim (Singerheimen) vart bygd i 1921.

Internasjonalt anerkjent

Billy er ein kjend kunstnar både i USA og i Nederland. Mest kjend er Singermuseet i Laren, litt utanfor Amsterdam.

Veg og sjukehus

I Nordfjord er Billy mest kjend for si støtte til å bygge vegen Olden-Innvik og bygginga av Nordfjordeid sjukehus. Billy og Anna fekk aldri born, og brukte store delar av formuen deira på veldedige formål.

Høyr meir om historia

Scroll to Top