Ei natt på museet

Har du nokon gong drøymd om å overnatte på eit museum? No kan draum gå i oppfylling.

Ei oppleving av dei sjeldne

På Singerheimen får du den unike moglegheita til å overnatte i den autentiske sommarboligen til den amerikanske kunstnaren og mangemilliardæren; W.H Singer Jr. Lev som herskapet sjølv gjorde for 100 år sidan, oppe på bakketoppen i Olden.

Haakon

Denne suiten i 2. etasje blei laga til Kong Haakon i anledning vegopninga Olden-Innvik i 1936, som i stor grad vart finansiert av Singer. Kongen lot seg derimot ikkje kjøpe av milliardærar, og overnatta på Hjelle Hotel istaden.

Rommet har to enkeltsengar og delt bad. Kan bookast for opptil to personar.

Wilhelmina

Dronning Wilhelmina av Nederland var god ven av Singer, og kom stadig på besøk til Singerheimen. Ho fekk difor sin eigen suite i 2. etasje.

Rommet har to enkeltsengar og delt bad. Kan bookast for opptil to personar.

Jacob

Kunstarvenen og livspartneren Jacob Dooijewaard frå Nederland budde på Singerheimen i 40 år, fram til Anna Singer gjekk bort i 1962. Rommet hans er i 1. etasje og har flott utsikt mot hagen.

Rommet har to enkelsengar og eit tilhøyrande bad. Kan bookast for opptil to personar.

William

William sitt eige rom i 1. etasje. Eit sjarmerande, men nokså beskjedent rom for ein milliardær. Han fekk bygd på eit karnapp for å få beidre oversikt over eigedomen og hans 30 tenarar.

Rommet har ein enkeltseng og delt bad. Kan bookast til éin person.

Anna

Anna sitt eige værelse. Eit flott og herskapeleg rom, med mykje historie. God utsikt mot hagen.

Rommet har ein dobbeltseng og delt bad. Det er mogleg å leige det tilhøyrande forværelset, der det er ein ekstra seng og eige toalett.

Kan bookast for opptil tre personar.

Innvik

Eit av romma som blei laga til sjukepleiarane ved Nordfjordeid sjukehus. Utsikt mot Olden sentrum.

Rommet har ein dobbeltseng og delt bad. Kan bookast for opptil to personar.

Stryn

Eit av romma som blei laga til sjukepleiarane ved Nordfjordeid sjukehus. Utsikt mot Olden sentrum.

Rommet har ein dobbeltseng og delt bad. Kan bookast for opptil to personar.

Loen

Eit av romma som blei laga til sjukepleiarane ved Nordfjordeid sjukehus. Utsikt mot fjorden.

Rommet har to enkelsengar og delt bad. Kan bookast for opptil to personar.

Ei kulturoppleving av dei sjeldne.

kontakt oss

+4792084187​

Scroll to Top