Velkomen til Singerheimen
Opplev det herskapelege 20-talet

Historisk overnatting
Sov ei natt på museet, og nyt ein heimelaga frukost på glasverandaen.


Opplev 20-talet på singerheimen
Eit unikt gjestehus der historia kjem til liv
På Singerheimen kan du overnatte i dei historiske værelsa og vakne til ein nydeleg frukost på den sjarmerande glassverandaen. Opplev historia og stemninga på omvising i huset, og nyt Anna Singers herskapelege Afternoon Tea.
Plassert i idylliske Olden, omkransa av majestetiske fjordar og fjell, byr Singerheimen på ei heilt spesiell oppleving – anten du er kunstelskar, historieentusiast eller berre vil ha eit opphald utanom det vanlege.
Velkommen til ei reise i tid og eleganse!
Herskapelige opplevingar

Omvisingar
Opplev den fengslande historia til Singerheimen; ei forteljing om kjærleik, kunst, enorm rikdom, filantropi, krig og tragedie.

Afternoon Tea
Opplev ein herskapeleg brunsj på glassverandaen. Med kvite dukar, stearinlys og handbroderte serviettar. Som vi seier på Singerheimen: “Sjølv om fatet er høgt, er alt laga heilt frå botnen av.”

Ei natt på museet
Flytt inn på Singerheimen, og bo som ein milliardær på 20-talet. Vakn opp til dufta av nysteikt brød, og nyt ein smakfull frukost på glassverandaen.

Bungalowen

Aften i Atelieret

Paint and Sip

Eksklusivt opphald
Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod
Vil du leige bungalowen, heile eigedomen eller atelieret? Send oss ein mail.

Singerheimen er av stor kulturhistorisk verdi, og vart difor freda av Riksantikvaren i 2021. Det er i dag ei stifting som eig Singerheimen, og på somrane vert eigedomen drifta som museum og gjestehus.
Opplev det herskapelege
Singerheimen blei bygd i 1921, av det amerikanske ekteparet William. H Singer Jr. og Anna Brugh Singer. William vart fødd inn i ein svært rik familie i Pittsburgh, USA. Men han valde kunsten framfor forretninga. Han var ein dyktig landskapsmålar, og leitte i fleire år etter den vakraste staden å slå seg ned. I 1913 fann han Olden, og såg seg aldri tilbake.

liv Aarberg2024-08-22 Fantastisk å kunne overnatte i eit museum. Unik opplevelse. Utsikt frå rommet. Wenche Fjørtoft2024-08-21 Nydeleg plass, godt vertsskap og god mat. Vi anbefaler Singerheimen på det varmaste. w-aus2024-08-21 Fantastisk fint sted i sentrum av Olden. Et hus hvor historien har stått stille lenge. Dagens forvaltere, en flott familie, gjør sitt ypperste for at du skal føle deg hjemme. Hjemmebakt til frokost er helt nydelig. Deilig afternoon tea serveres også. Anbefales på det varmeste. jannike sunde2024-08-13 Var på Singer heimen 25.juli og bestilte 4 av 5 pizza på menyen. Både pizzaen, vertsskapet og atmosfæren var ubeskrivelig. Anbefales på det varmeste! Chris2024-07-26 Var her to ganger i løpet av en uke for å spise vaffel og drikke kaffe. Service i verdensklasse. Svært fin pris. Folkene her får en svært god anbefaling. Kommer tilbake neste år. Hilsen han som ga dere skryt for hvor godt oppdratt hunden deres var.
Våre samarbeidspartnarar:

