Velkomen til oss
Vi håpar du får eit triveleg og minneverdig opphald.
Her kjem 12 ting du bør vite
01
🕰 Innsjekk og utsjekk
Innsjekk: frå kl. 15:00
Utsjekk: innan kl. 11:00
Ta kontakt med oss dersom du ønskjer sein utsjekk – vi prøver å imøtekome det dersom mogleg.
02
🔒 Nøkkelfritt gjestehus
Vi deler ikkje ut nøkkel til romma – dei kan låsast frå innsida med ein haspe.
Har du verdisaker du vil låse inne, kontakt personalet.
Inngangsdøra vert låst kl. 23 – skal du vere ute lenger, ta kontakt for å låne nøkkel.
03
🍳 Frukost
Frukost vert servert i spisesalen
Tid: kl. 08:30–10:00
Gi beskjed om du har allergiar eller spesielle ønskje.
04
🌐 Wi-Fi
Nettverk: Singerheimen
Passord: Singer1921
05
🧺 Reinhald & komfort
Ønskjer du vask av rom eller nye handkle? Heng ein kleshengar på dørhandtaket til rommet ditt.
Treng du baderomskåpe? Kontakt personalet.
Vi har delte bad – manglar du noko, sei ifrå!
06
☕ Kaffi og te
Det står vasskokar og eit utval te og kaffi i bibilioteket.
Treng du meir? Gje oss beskjed.
07
🔥 Branntryggleik
Gjer deg kjend med nødutgangar og branninstruksar.
Røykvarslarar er installert. Det er ikkje tillate å røyke inne.
Av tryggleiksomsyn bør du unngå å lade telefonen om natta, eller når du ikkje er på rommet.
08
🎒 Tips til aktivitetar
Sjekk ut opplevingane i nærområdet. Fleire av dei kan bookast og betalast hjå oss, til dømes Kajakk, Sauna og RIB.
09
🪟 Gamle vindauge
Vindauga på Singerheimen er gamle og skjøre.
Bruk haspen når du opnar dei – då unngår vi skade.
Takk for at du viser omsyn!
10
🍷 Skjenkebevilling
Vi har skjenkebevilling, så det er ikkje lov å nyte medbrakt alkohol i fellesareala.
Bestill deg heller noko godt frå menyen – vi serverer gjerne!
11
📞 Kontakt oss
Finn du ikkje personalet?
Ring eller send SMS til +47 920 84 187 – vi er tilgjengelege.
Du kan også bruke nummeret for å bestille frå menyen. Hugs å oppgje kvar du er.
12
🌟 Del di oppleving
Vi set stor pris på om du legg igjen ei anmelding på Google – det hjelper oss å bli betre og nå ut til fleire.